BOLESØLJER

Før i tida var det tradisjon i Telemark at jenta fekk bolesølje når ho gifta seg. Då vart slangesølja (jentesølja) flytta eit hakk ned, og bolesølja fekk hovudplassen på bringa. I dag har konfirmantene gjerne både slangesølje og bolesølje på bunaden, og ein kan velge mellom oksidert og gamalforgylt sylv.