HÅNDLAGA BUNADSØLV

Handlaga søljer får ein eigen identitet då ingen blir heilt like - dette er handverk som blir verande i slekter i tradisjonar og blir tatt svært godt vare på. Hos Gullsmed Vinjerui lagar vi søljer og bunadsylv som brukas til dei ulike bunadane i Telemark; bunadknappar, klokkeband, hornringar, halsringar, slangesøljer, bolesøljer og  mansjettknappar.

Bunadsylvet vårt blir laga på vår eigen verkstad her på vakre Dalen i Telemark og alt er handlaga, alle dei små krusane, krullane, kulene og firkantane (demantar på fagspråket),- alt blir laga for hand. Vi kjøper sneller med sylvtråd og store plater av sylv der vi teiknar opp det vi skal lage, klypper, stemplar og legg på alle delane vi har laga til i fleire omgangar til det blir det resultatet som kunden har bestilt. Slik at det du bestiller blir unikt.

Det seier seg sjølv at dette er eit arbeid som tek lang tid og vi prøvar å ha bunadsylv på lager. Dersom du veit at du ynskjer handlaga bunadsylv kan det vere lurt å forhandsbestille, då det er nokre månaders ventetid på å få laga bunadsylvet dersom vi ikkje har det på lager.