Sylvsmidja bolesølje gamalforgylt sølv Artikkelnr.: 426 7 00 En vakker bolesølje i gammelforgylt sølv. Nydelig til Telemarksbunader og festdrakter. Visste du at før i tiden måtte en være gift for å få lov til å bruke bolesølje? NOK11 060,00 inkl. mva. Kjøp Del dette Produktinfo Produsent Gammelforgylt Bolesølje Diameter: 8,0cm Passer til: Vest-Telemark dame Øst-Telemark dame Beltestakk Sylvsmidja er Noregs leiande produsent av bunadsølv. Alt bunadsølvet vårt vert produsert i eigne lokale på Voss – midt mellom fjordar og fjell på Vestlandet. Norsk bunadsølvtradisjon Sølv har lenge vore brukt som materiale i smykke. I Egypt har dei funne sølvsmykke som er rundt 6000 år gamle. Den eldste referansen til sølv i Norge er frå 1518, då ein ”bondering” laga av ein lokal gullsmed vart nemnt i rekneskapen til Bergenhus festning. Det var vanleg å tru at gull og sølv verna mot vonde makter. Spedbarn fekk ofte små søljer, amulettar og skeier nettopp på grunn av denne overtrua. Ein kunne og binda inn ein sølvmynt i kleda som barnet hadde på seg. Dette finn me også igjen hjå samane, som ofte festar ein sølvknapp på band i drakta si. Det vart også hevda at det å gå med sølv, bringa deg lukke. Meir vanleg var det sjølvsagt å gå med sølv for å pynta seg. Gullsmedar vart organiserte i laug både i Bergen (frå 1568) og Oslo (frå ca. 1600), og ingen andre hadde lov til å utføra gullsmedarbeid. I 1839 vart denne ordninga oppheva, og dermed fekk mange på landsbygda seg ei god bi-inntekt frå gullsmedarbeidet. Mange var omreisande gullsmedar, som hadde med seg eigne modellar. Slike modellar er bevarte frå mange kantar av landet, og har vore til inspirasjon for gullsmedar i dag. I nokre delar av landet er mange ulike modellar bevarte, og desse distrikta har difor ofte stor valfridom når det gjeld bunadsølv. I område der det manglar funn som viser korleis draktsølvet såg ut, er det enten laga nytt sølv, eller ein har henta inspirasjon frå naboområda. www.sylvsmidja.no